Verdibasert leiing

Verdibasert leiing i Gjerde Rør – Samling Parken Ålesund, 25.-26.april

I Gjerde Rør har verdiar vore meir enn fine ord heilt sidan vi starta arbeidet med verdibasert leiing i 2017. Gjennom felles samlingar, refleksjon og erfaring har vi jobba systematisk med å finne ut kven vi ønskjer å vere, både som arbeidsplass og som samarbeidspartnar for kundane våre.

Visjonen vår er enkel å seie, men krevjande å leve opp til:

Å bli anbefalt!

Vi ønskjer å bli anbefalte av kundar, samarbeidspartnarar og leverandørar. Ja, av alle vi møter i kvardagen.
Det handlar om å skape gode opplevingar i kvart møte, enten det er på telefon, ute hos kunden, i butikken eller internt i organisasjonen. Ein visjon er noko vi strekkjer oss etter, kvar einaste dag, for å bli litt betre enn i går.

Verdiane som styrer oss

Verdiane våre er valde fordi dei er menneskelege, konkrete og lette å bruke i praksis:

  • Openheit – vi skal vere ærlege, tydelege og rause overfor kvarandre og kundane.

  • Tryggleik – både kundar og medarbeidarar skal oppleve tillit og føreseielegheit.

  • Trivsel – vi trur at folk som har det bra på jobb, gjer ein betre jobb.

  • Lønnsemdsfokus – ikkje som ei motsetning til menneskeleg omtanke, men som ein føresetnad for ei sunn og berekraftig verksemd.

Menneske i sentrum

Verdibasert leiing handlar for oss om menneskeverd, eigenverdi og om korleis haldningar blir viste gjennom handling. Under samlinga i Ålesund vart det vist til kjende perspektiv innan leiarskap og medmenneskelege verdiar, mellom anna formidla av Simon Sinek og Maya Angelou.

“People will forget what you said, people will forget what you did, but people will never forget how you made them feel.” – Maya Angelou
«A team is not a group of people that work together. A team is a group of people that trust each other.» – Simon Sinek

Difor legg vi stor vekt på empati, respekt og evna til å gi og ta imot ærlege tilbakemeldingar.

Ei reise i kontinuerleg utvikling

Sidan oppstarten har det skjedd mykje. Vi har fått nye lokale, teke i bruk digitale verktøy, gjennomført store prosjekt for landsdekkjande kundar og blitt Miljøfyrtårn-sertifiserte. Samtidig har organisasjonen utvikla seg, og vi har fornya både namn, profil og nettside. Midt i all endring har vi halde fast på kjernen: dyktige fagfolk, solid kompetanse og ein kultur bygd på tillit og fellesskap.

Slik vil vi jobbe – også framover

Vi veit at endring tek tid. Store utviklingssteg er ein maraton, ikkje ein sprint. Nokre gonger møter endring motstand og sunn skepsis, andre gonger engasjement og glede. Alt dette er ein naturleg del av utviklinga. Det viktigaste for oss er å halde fram med å bruke verdiane våre aktivt i kvardagen, lære av kvarandre og stille krav, både til oss sjølve og til måten vi jobbar på.

 
Neste
Neste

Miljø i førarsetet